web analytics
FJORDKLUBBEN

Om fjordklubben og tilboda

Leikanger Fjordklubb høyrer inn under Idrettslaget Syril. Fjordklubben starta opp i 2007. Klubben har fått midlar av Sogn og Fjordane fylkeskommune, LA21 midlar, til delfinansiering av kajakkar og utstyr. Kajakkane og utstyret er til låns for medlemene. For å låna kajakkar må ein reservera kajakkane på kalendaren. Fjordklubben har base ved Leikanger Ungdomsskule. Kajakkane finn du på terassen ved badebassenget. Utstyret finn du i klubbhuset på nedsida, under gymsalen. Det er kodelås på klubbhuset.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

 

KAJAKKAR FOR MEDLEMENE:

Leikanger Fjordklubba har satsa på kajakkar av typen “sit on top”, for maksimal tryggleik. Det ikkje behov for kurs i padling for desse kajakkane. Men, ein må ha sjøvet sjølvsagt!

RTM Ocean Quatro – 2 stk (kajakk 1 og 2) 

Ocean Quatro har god rettningstabilitet.  Kan padlast av 1 til 2 voksen, eller av 2-3 ungar elles mindre ungdomar. Ungar som padlar aleine må vera under oppsyn av eldre! God familiekajakk. Fungerar godt til hav, innsjø og elvar, og ikkje minst litt store bølgjer på Sognefjorden. Bruk dei raude årane til desse kajakkane. Les meir om kajakktypen her: http://www.padlebutikken.no/index.php?visProdukt=108

Data
Lengde 412 cm
Bredde 90 cm
Høyde 35 cm
Vekt 34 kg
Max bæreevne 260 kg.
Matriale PE

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

 

RTM Tempo Lux kajakk – 4 stk (kajakk 3,4,5,6)

Bygd for langdistanse og tur-padling. Stabil og komfortavle. 15 for. Retningsstabil og rask. Har utvendige sprutlister, som reduserar sprut frå bølger inn i kajakken. Egnar seg godt til å fiske frå. Kajakken har stangfeste på begge sider bak setet. Sjølvlensande. God bereevne og stor lastekapasitet på 180 kg. Vasstett skott framme, og lasteplan bak, med nett. Kajakkens “offroad”. Kajakken kan vera noko vanskeleg å styra i store bølgjer. Bruk dei kvite årane til desse kajakkane. Les meir om kajakktypen her: http://www.padlebutikken.no/index.php?visProdukt=7

Data
Lengde 450cm
Bredde 67cm
Høyde 33cm
Vekt 24kg
Max bæreevne 180 kg

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

 

UTSTYR FOR PADLING

Vestar
Det er vestar av ulike storleikar. Bruk rett storleik. Fjordklubben har ikkje vestar for små barn.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

 

Padleårar
Dei raude er lengre enn dei kvite, og tilpassa Ocean Quatro

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

 

Vasstette tønner
Pakk sikkert og vanntett i desse tønnene. Plasser dei under nettet , bak på kajakkane, eller tjor dei fast med reimane.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA


Vasstette sekker
Høver godt til vasstett pakking av bagasje på lengre turar. Plasser dei i vasstette skott på kajakkane.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

 

Fotstropper for surfing og store bølgjer
For å sikre god kontroll på kajakken ved store bølger, og hindre at ein fell av.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

 

Transporthjul
Spesielt for Ocean Quatro, men også for Tempo Lux. Gjer transporten opp og ned frå fjorden mykje lettare.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Leave a Reply

WP Facebook Like Send & Open Graph Meta powered by TutsKid.com.